Tilbake til alle arrangementer

Festidalen


Vanskelighetsgrad: 1/4

Turleder: Veslemøy

Beskrivelse: Meld deg som frivillig på Festidalen i Uskedalen!
Bli med å bidra på sommarens flottaste festival. Jobb som frivillig ein kveld, og gå gratis den andre. Få eit innblikk i jobben som ligg bak den vesle, men godt etablerte festivalen. Med slagorda “rock, fjell og kjærleik” er Festidalen blitt årets happening for mange. Opplev artistar med nasjonal og global kjennskap på jordet mellom fjella i Uskedalen. Highasakita, Arif, Nico & Vinz og Embla and the Karridotters, er artistane som er sloppe til no. (Følg med på heimesida deira, for meir oppdatert program). https://festidalen.no/

Dette blir ikkje ein arrangert tur, slik vi kjenner det frå BSI friluft. (Fordi eg skal vera med før og etter festivalen med rigging).). Transport til Uskedalen må ein fiksa sjølv. Anbefaler rutebuss eller hurtigbåtane frå Bergen til Sunde eller Rosendal. Når det gjeld overnatting blir det holdt av ei hjørne på festival-campen, til BSI friluft frivillige. Alle som melder seg som frivillig vil få bu gratis her med eigne telt. I tillegg vil ein få utdelt årets frivillig t-skjorte og mat i frivilligteltet under vakta.

Håpar så mange som mogleg har lyst til å bidra! Få eit unikt innsyn i frivilligheita for å få til Festidalen mellom fjella i Uskedalen. Meld deg som frivillig på heimesida (noter at du kjem frå BSI friluft). Send også mail til meg, om du ønskjer plass på campen.

Plassar så langt det er behov for frivillige.
Send til: veslemoy.haugland@outlook.com
Påmelding: https://festidalen.no/frivillig/

Forrige
Forrige
31. mai

Fra Sørfjord til Sognefjord

Neste
Neste
13. september

Course in buddy-rescue with Wildvoss